Lyssky affærer

07.05.2025

Dei dreiv med

partnarbytte

i bygda.

Jamt bytte.

Alle fekk.

Rettferd.


Men ein eldre kar

vart sitjande

åleine

med fjernkontrollen

og sigarettpakka.


Den unge bonden

kapra kjerringa

henta flyttelasset

midt på natta

med traktor.