Gud sin programmeringsfeil
07.05.2025
Gud gjorde
ein programmeringsfeil.
Dårlige digitale skills.
Han let Eva og Adam
gå på date
i Edens hage.
Ein av dei åt eit eple
som hadde
gått ut på dato
eller hadde restar av
sprøytemiddel
og siden har ikkje Eva og Adam
og ikkje Adam og Eva, heller
forstått kvarandre
mens Eva og Eva
knapt treng
å sjå på kvarandre
før dei veit
kva den andre
treng.
Dette var 2000 år
før dei byrja å brenne
regnbogeflagg.
Hadde ikkje Gud
vore så digitalt dopa
ville Verda garantert vore
fredelegare.