Eg vakna til ein dag
07.05.2025
Eg vakna til ein dag
med snø i lufta
små fine fjon.
Vinterdag.
Tidligvår.
Fredfullt.
Kaffe og nyheitene.
Fire daude menneske.
Ein heil familie
viska bort
med viskelær
på mordarens tegneblokk.
Eit svakt blyantstrøk er att
og flyt ut på arket
i det han sjølv forlot
åstaden.
Kan verda nokon gong
bli den samme
bli heala igjen.
Krig overalt.
Det snør
små fine fjon.